Sigurd Tunestveit_foto Kristoffer Eikrem

Hva skjer, Sigurd Tunestveit?

Sanger, låtskriver og improvisatør Sigurd Tunestveit runda nylig 90 konserter med Baker Hansen, men jobber også med flere andre prosjekt. Etter sommeren planlegger han å utforske musikkmiljøet i Bergen nærmere.

Hva driver du med om dagen?
Eg har nettopp vore på MaiJazz og AnJazz med bandet Baker Hansen, som speler Chet Bakers musikk med mine nynorske gjendiktingar. Og så tek eg timar i folkesong hjå to flinke kvedarar; Margit Myhr og Silje R. Liahagen. Ellers går det mykje tid i eit spennande utviklingsprosjekt kalla Kulturkoordinator for Hallingdal, som eg har jobba med sidan 2012. Det er interessant og lærerikt å både vere utøvar og tilretteleggjar for andre.

I gang med noen nye prosjekt du har lyst til å dele med oss?
Baker Hansen er ikkje noko nytt prosjekt – me runda nettopp 90 konserter – men me har spelt inn ei ny plate som kjem ut i 2016 under tittelen «Gamle Daga» (NORCD). Den gler eg meg stort til å vise fram.  I tillegg sitter eg med opptak frå ein konsert eg gjorde på Ice Music Festival på Geilo i februar. Konserten heiter «Smeltevatn» og vart eit utruleg merkeleg stykkje musikk, med is-instrument, vokal og elektronikk. Eg jobber med kva format som eigner seg best, men folk får nok høyre det, etter kvart.

Hva er planene fremover?
Vi har eit par klubbjobber med Baker Hansen på Austlandet, men ellers blir det ein roleg sommar. Eg flytter truleg nærmare Bergen og vil prøve å bli betre kjent med musikkmiljøet der. Sånne ting er alltid spennande – og sunt, trur eg. I juni skal eg vere med å spele inn noko av Jo Asgeir Lie sin musikk, han har eit utruleg vakkert, folkemusikk-inspirert og melodiøst tonespråk. Vi gjorde ein konsert med materialet sist haust og eg gler meg til å jobbe med det på nytt.

Høydepunkter fra året som gikk?
To veker på tur i bil frå Oslo i sør til Kjøllefjord i nord med Baker Hansen, støtta av Nordnorsk Jazzsenter. Ein fantastisk noregsturné med mange sosiale og musikalske høgdepunkt.

En konsert du vil anbefale?

Volve Vokal er utruleg bra både scenisk og klangleg, og eg ser dei har konsert i Bergen i juni. Eit godt tips til ein annleis konsertoppleving for alle dei som sjelden høyrer kormusikk.

Plateanbefaling?
Charlie Hadens «Silence» med Enrico Pieranunzi, Billy Higgins og Chet Baker.

(foto: Kristoffer Eikrem)
Mer om Baker Hansen her.
Sigurd Tunestveit på Soundcloud.

https://youtu.be/XWnUdeO_sWY